Fordi vi er vist tillit

ordførerskifte

(Avskjedstale til kommunestyret i Grimstad 26. oktober 2015. Her legg eg ordførarkjedet over skuldrane til nyvald ordførar Kjetil Glimsdal, KrF, før eg takkar for meg etter åtte år som ordførar i Grimstad)

Ordførar, kommunestyre.

Det er ei ære å få vere folkevald. Før eg går, vil eg gjerne få å takke for at eg har fått lov til å vere medlem av og leie denne forsamlinga i åtte år.

Om ein rullar tilstrekkeleg langt ned i nettavisene sine kommentarfelt, eller, om ein følgjer noen av trådane som utgjer spinnet i sosiale medier, vil ein nokså sikkert få beskjed om at dei folkevalde stort sett er udugelege og dessutan av og til er drivne av motiv som ikkje toler dagens lys.

Det skal ein helst ikkje ta så tungt. Mange av dei som skriv kan jo slett ikkje tenke seg å stemme ved valg. Noe av det dei skriv viser at dei heller ikkje har ofra noe som helst av tid eller arbeid for å sette seg inn i det dei ytrar seg så skråsikkert om.

Av oppegåande folk som de møter i det verkelege liv, vil de sikkert mange ganger få høyre at dei er så takknemlege for at du gidd å ta på deg det viktige vervet som folkevald. Jo takk, men også det er å snu ting på hodet.

For det er vi, vi som er eller har vore valgt av folket, som skal vere takknemlege. Fordi vi er vist tillit. Tillit til at alle dei store sakene, dei vanskelege spørsmåla, dei usikre kursvalga og ikkje minst dei heilt umulige prioriteringane, ja alt som skal vere felles i kommunen vår, det noen berre må ta avgjerder om, det skal avgjerast av denne forsamlinga her.

I dette perspektivet er kommunestyret byens beste kvinner og menn. Alle som sit her, kan kjenne på at av alle som var villige, har mange nok tiltru til at du er er den som best kan representere akkurat dei. Folk har trua på deg!

Denne tilliten må vi aldri gløyme. Særleg ikkje når ein i løpet av perioden får kjensla av at det er så vanskeleg å bli enige her! Men det er jo fordi folk er forskjellige, også i denne salen. Kommunestyremedlemer kjem frå ulike stader, dei står for forskjellige ting og sannsynlegvis har dei også ulike oppfatningar om kor dei har mest lyst til å gå.

Eg har aldri fått dette betre illustrert enn då vi får noen år sidan var djupt uenige om bygging av nytt bibliotek skulle utsettast eller ikkje. I eit intenst forhandlingsmøte sa ei dyktig dame frå Kristeleg Folkeparti plutseleg: «Når eg handlar på Rema, seier alle til meg at biblioteket må utsettast. Men de Venstre-folk, de handlar vel berre på Meny!»

Det er kanskje noe i det. Uansett vil dei som handlar på Meny kanskje hugse at daglegvarekjeda for noen år sidan nokså freidig brukte plastposane sine til å formidle budskapet: «Det er for lite kjærlighet i verden». Som om dei kunne gjere så mye med det. Men budskapet er gyldig i Grimstad også. Det er for lite kjærleik her også. Og om vi ikkje gjer kjærleik til noe vanskelegare enn å alltid ville den andre vel, trur eg vi er i nærheten av den motivasjonen som alle folkevalde har til felles: Å ville vel.

Betre utgangspunkt fins ikkje.

Problemet er berre at det også er for lite pengar i verden. I alle fall vil rådmannen alltid meine at det er for lite pengar i Grimstad.

Eit godt kommunestyre er det som finn ut av spennet mellom å ville vel og å ikkje ha nok til alle. Det må eitkvart kommunestyre finne ut av sjølv.

Eg vil berre legge igjen tre stikkord som kanskje kan vere til hjelp for den som fylle rolla som folkevald godt:

– Å alltid vere villig til å søke kunnskap. Om ein ikkje alltid kan vite kva som er sant, kan ein i alle fall arbeide seg fram til kva som mest sannsynlig er den faktiske situasjonen.

– Å kjenne etter kva for verdiar ein sjølv vil stå for og la det vere kompasset når terrenget er vanskeleg og kursen usikker.

– Å vere ærleg, både ved å sjølv seie det ein meiner, men heller ikkje gå ut fra at andre har eit anna motiv enn det dei seier at dei har.

Dei som gjekk ut av kommunestyret i 2011, gjorde det med ei oppleving av at mykje hadde blitt betre sidan 2007. Dei som hadde sitt siste møte her for ei veke sidan, var nok av den oppfatninga at kommunen hadde kome langt på dei siste fire åra. Slik vil de også i 2019 kunne sjå tilbake på alt som er forbetra av ting som ikkje fungerte godt i 2015. Slik som eit kvart kommunestyre legg stein på stein i det flotte byggverket som Grimstad er.

Eg har, som borgar i byen, full tillit til at de vil vil lykkast med det.

Eg ønskjer dykk det aller beste og takkar for meg.

Om htantonsen

Hans Antonsen er administrerande direktør for Kilden Teater og Konserthus. Tidlegare ordførar i Grimstad frå 2007-15.
Dette innlegget ble publisert i Taler, Uncategorized og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s