Ein fallitt

Artikkel skriven for og publisert i Grimstad Adressetidende 31.01.19.
Artikkel skriven for og publisert i Grimstad Adressetidende 31.01.19.

Er Grimstad ein rik eller ein fattig kommune? Det er vanleg å dele inn kommunar slik, men i økonomisk forstand er ikkje forskjellane mellom kommunar så store som ein lett kan få inntrykk av.  

Eit omfattande statleg utjamningssystem sørger for at dei fleste kommunar får det dei må ha av inntekter, om ikkje så mykje meir.

Det som gjer ein kommune rik eller fattig, er etter mi meining kor dyktige folk kommunen klarer å trekke til seg, om ein gir medarbeidarane sine rom til å utvikle og utfolde seg og, til sist, om ein klarer å halde på dei.

Dei fleste av oss, enten vi har tent Grimstad kommune som folkevalde eller tilsette, må nok innsjå at vi høyrer heime i kategorien «middels flinke». Ikkje noko nederlag det, det blir bra kommunar av slikt! I mine åtte år som ordførar, arbeidde eg tett saman med tre rådmenn, som på kvar sin måte var særs dyktige. Men for denne artikkelens formål vil eg nemne namnet på fire andre. Eg  såg på dei som nokre av stjernene på rådhuset: Ragnar Holvik, Ivar Lyngstad, Bente Somdal og Helge Moen.  Det var ikkje alltid fredeleg mellom dei, men i spennet mellom ulike syn, forskjellige fag og ei utprega kunnskapsbasert tilnærming til problemløysing, skapte dei resultat som gjorde kommunen god og på sitt beste løfta den mot toppen i Norge.

Det er den inneverande kommunestyreperiodens tragedie at så mange flinke folk har forlate kommunen, enten fordi dei ikkje orka meir eller fordi dei er satt på utsida. Eg skriv denne artikkelen ikkje berre for dei fire nemnde, men for alle i Grimstad kommune som ønsker å kunne vere stolt over arbeidsplassen sin.  Og framfor alt skriv eg for å gi Ragnar Holvik rett i alt han varsla om, og fordi eg er lei meg for måten han er blitt behandla på etterpå.

Nokre veker før Ragnar Holvik i februar 2017 sto fram som varslaren, skreiv eg ein artikkel der eg kritiserte BDO-rapporten om innkjøpssakene. Eg meinte den ikkje tok omsyn til at det var i svært krevjande situasjonar innan helse- og omsorg at Grimstad kommune valde å legge vekt på plikta til å gi nødvendig helsehjelp framfor å følge reglane om korleis offentlege innkjøp av tenester skal gå føre seg. Eg tok på meg ansvaret for det heile, fordi eg kunne ha sagt «nei, dette må formannskapet godkjenne». Men ved dei to akutte tilfella, i 2012 og 2015, sa eg «ja, for eg skjønner alvoret». I januar 2017 tenkte eg at kunne bidra til å avslutte saka ved å skrive ein artikkel der eg tok ansvaret.  Så naivt av meg.

På dei to åra som har gått, har situasjonen berre blitt verre, for Ragnar Holvik og for kommunen. Mitt personlege syn er at dette har samanheng med nokre usunne, men seigliva krefter som verkar mellom folkevalde og administrasjon i Grimstad kommune.  Det har dei gjort i årevis, og eg skal forsøke å beskrive dei.

Men først til Ragnar Holviks varsel, som altså skjedde anonymt til kontrollutval og revisjon i 2016.  Holvik avslørte ikkje ulovlege innkjøp.  Desse gjorde rådmannen sjølv kontrollutvalet merksam på i det siste møtet dei hadde i min ordførarperiode, den 15. oktober i 2015. Det Ragnar Holvik tok opp i sitt varsel var i hovedsak tre forhold:  At rådmannen berre orienterte muntleg, og dermed ikkje kunne etterprøvast. At kontrollutvalet ikkje gjorde noko med saka. At også revisjonen var passiv. Holvik la fram omfattande dokumentasjon og stilte ei rekke gode – og modige – spørsmål. Også det vanskelegaste: Har det hatt noko å seie at ein av leverandørane var i nær familie med ein sentral person i helse- og omsorgssektoren? Nei, viste heldigvis seinare granskingar.  Men ein organisasjon med mot skal også våge å stille slike spørsmål.

Noko av det mest krevjande for Ragnar Holvik må ha vore å varsle ikkje berre om kritikkverdige forhold i administrasjonen, men og om manglande oppfølging frå dei folkevalde (kontrollutvalet) og dei som skal føre eit uavhengig tilsyn med både folkevalde og administrasjon (revisjonen). Det var å legge seg ut med alle på ein gong.

Derfor er det lett på tenke på Holvik som vår eigen Dr. Stockmann (i Ibsens En folkefiende).  Men der Stockmann etter kvart mistar fatninga, går til krig mot alt og alle og får folket mot seg, har Ragnar Holvik opptredd verdig og halde på roa. I det opprinnelege varselet er det ikkje eitt usakleg ord eller ei overdriven framstilling. Og, vil eg tru, Holvik har også halde på folkets støtte, sjølv om vi alle er lei heile saka.

Det var først uklart for meg kva Ragnar Holvik meinte då han i desember hevda at varselet (eg reknar det som eitt, sjølv som Holvik ser på det som tre) ikkje er saksbehandla.  Vi har jo ikkje høyrt om så mykje anna enn nye rapportar og granskingar frå Grimstad kommune dei siste to åra.  Men forstått som manglande oppfølging av varslingsrutinene i Grimstad, kan det for meg, som utanforståande, virke som om han har rett. Ein varslar skal ha tilbakemeldingar og kunne utdjupe, kommentere og kritisere oppfølginga.

Tone Marie Nybø Solheim har hatt ein tøff start som den nye rådmannen som måtte rydde opp i denne saka. Dialogen mellom rådmannen og Holvik kan eg ikkje meine noko om, men i alle fall to objektive forhold talar for at Holvik ikkje er tatt godt vare på:  Å sette KS-advokatane til å utgreie erstatningssaka hans gir ikkje meining. Alle veit at KS har sin lojalitet til eikvar kommuneleiing.  Å avslå å dekke advokatutgiftene hans, samt eit tilleggskrav om å frafalle retten til seinare å gå til søksmål, er den sterkaste sin ufine bruk av makt overfor den svakare part. Vi som berre les om denne saka i mediene, kan umogleg vite noko om tilhøva på arbeidsplassen Ragnar Holvik har no.  Men måten rådmannen distanserer seg frå dette i si saksframstilling til kommunestyret på mandag, tener ikkje Grimstad kommune til ære.

Forholdet mellom folkevalde og administrasjon i Grimstad kommune har ikkje alltid vore like godt.  Det er ein mistillit der, som kan vere gjensidig.  Frå dei folkevalde si side gir den seg utslag i krav om meir informasjon, meir detaljar, fleire granskingar.  På denne måten unngår dei folkevalde å måtte ta stilling og dermed ansvar.  Ei avgjerd kan alltid skyvast på, i påvente av ei ny utgreiing. Dette er usunt, fordi det gjer at kommunen mistar fart og blir tynga ned av ekstraarbeid.

Samtidig, og det kan virke paradoksalt saman med kravet om stadig nye utgreiingar, kjem av og til ein slags forakt for kunnskap til overflata. Fakta og solide faglege framstillingar blir nokre gonger sett bort frå, til fordel for eit folkeleg skjønn som ein hevdar å ha i kommunestyret.  Det kan vere på sin plass nokre gonger, men like ofte er dette påståtte skjønnet ei tildekking av at ein heller vil fremme bestemte særinteresser eller unngå ubehaget ved å måtte stå for eit klart standpunkt.

Eg håper vi får sjå eit kommunestyre på mandag som opptrer både modig og raust. Dei to siste åra har dei mint meg litt om Henning Tjælde i Bjørnsons En fallitt: Grosseraren som i år etter år utset og utset å møte den situasjonen han er komen opp i ved å låne meir og meir. Tiil slutt blir det ikkje til å bere lenger. Kommunestyret har i år stilt fleire og fleire spørsmål, bestilt fleire og fleire tiltaksplanar.  Til slutt er det så mange ekstratiltak at det ikkje er tid til anna. Eg håper det no er tid for å innsjå, at i alt som til no er lagt fram kan ein finne både sanninga og den rette vegen vidare.

Ein gong fekk eg ei bok av Ragnar Holvik, om filosofen Hannah Arendt. I den hadde han så fint skrive: «En krevende og inspirerende bok, til en krevende og inspirerende ordfører.»  Dei vennlege to orda sender eg gjerne tilbake, til ein som meir fortener det – med erkjenninga av utan det eine, kan ein heller ikkje vere det andre.

Om htantonsen

Hans Antonsen er administrerande direktør for Kilden Teater og Konserthus. Tidlegare ordførar i Grimstad frå 2007-15.
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s