For å ta vare på framtida

Denne helga har eg tenkt mykje på kva det for meg skal bety å vere ein ansvarleg vaksen. 

Grunn, sjølvsagt: Skuleungdom som streikar i protest mot vår manglande klimakamp. Det er så lett berre å rose dei, takke for engasjementet og seie at jammen dette, det lovar godt for framtida. For så igjen la tankar og sinn bli fylt av vår eiga travle notid, business as usual, mykje vi må rekke og dessverre ein heil del vi ikkje kan få gjort noko med. Slik er det berre.

Denne gongen er det ei kraft og eit alvor i dei unges opprør som eg kjenner eg må få følger for meg sjølv.Det er noko eg vil ta konsekvensen av. Ikkje fordi eg har dårleg samvit for eigen klimainnsats. Det er heller tvert om, eg har brukt størstedelen av mitt arbeidsliv i det partiet som i lang tid var det grønaste. Min første betalte jobb for Venstre var i stortingsvalkampen i 1989, der vi unge rådgjevarane rundt Arne Fjørtoft var med på å løfte klima som hovedsak. Vi må ha vore språkleg hjelpelause, sett i ettertid er det latterleg at vi ikkje klarte å formulere bodskapet betre enn at «Norge treng ein miljøpolitisk snuoperasjon no!».  Valet gjekk jo heller ikkje bra for Venstre.  Mange lo av Arne Fjørtoft, men påstanden hans om at vi hadde ti år på oss for å hindre alvorlege følger for jorda, har nok vist seg rett. 

I 2013 stilte eg som stortingkandidat for Venstre i begge Agder-fylka, igjen med klima som hovedsak. I både Aust og Vest var det nok ganske langt unna eit folkekrav at eg skulle representere dei på Stortinget, men det var tett på at eg trakk vinnarloddet i utjamningsmandatlotteriet (det stod på omlag 170 stemmer – i Telemark!).  Det viktigaste eg lærte: Agendaen, kva for saker folk ser som viktige, er ikkje så vanskeleg å påverke.  Venstre løfta fram kystjernbane, av mange inntil då sett på som totalt urealistisk, men i alle fall ei måling etter valet viste at mange hadde blitt opptatt av dette.  Etter 2013 har kollektivsatsing stort sett blitt avgrensa til dei store byområda, mens vi utanfor tankelaust tar til takke med asfalten som blir lagt i fire felt på nye vegar over alt. Togsatsing er blitt ei ikkje-sak igjen.

Då Venstre etter valet i 2017, stikk i strid med det inntrykket dei hadde gitt veljarane, valde å gå langt til høgre og i regjering med Fremskrittspartiet, blei eg saman med ein del andre ståande igjen partilaus på den sosialliberale plattforma vi har hatt for politisk arbeid.  Eg har ei stund komme meg unna spørsmål om eg saknar politikk ved å svare at eg føretrekk scenekunst og musikk, fordi det er meir realistisk.  

Det meiner eg heilt alvorleg, for norsk politikk har forfalle til eit spel: Om å komme seg i regjering, og så gjere det som trengs for bli verande i regjering. Det er ikkje så farleg kor mykje du får gjort, så lenge du kan vise til at det ville skjedd endå mindre, eller blitt endå verre, om «dei andre» fekk overta. Alle skjønar at ei samarbeidsregjering må innebere mange kompromiss, men den sittande regjeringa utviklar seg heller i retning av fire særbuarskap, der kvart parti har fått sine teigar som dei til ein viss grad får ha i fred for dei andre tre.  Slik gjer Trine Skei Grande ein framifrå jobb som kulturminister, mens partiet Venstre er i alvorlege problem – på grunn av det som skjer på dei andre teigane (eg skriv dette utan skadefryd, det hadde gledd meg om Venstre kom seg på fote igjen). I klimasaka er det kritisk: Klima – og miljøminister Ola Elvestuen kan ikkje gjere ein god jobb utan at andre statsrådars departement er med.  

Overalt der eg ferdast, møter eg folk som er oppgitte. Dei ønsker at norsk politikk var annleis, betre, ja kanskje rett og slett meir ansvarleg vaksen. Og det er vel akkurat det dei klimastreikande ungdommane også seier til oss, men med kraft og engasjement.  Eg syns vi skuldar dei å prøve å få demokratiet våre til å fungere betre. Til å reise ein annan agenda, og ikkje la klimafortrengande populistar, som finst i fleire parti, sette dagsorden.  Vi må orke å vere borgarar,og folk som meg, som sit i leiarstillingar, må kvitte seg med berøringsangsten overfor partipolitikken. Du må kunne stå for noko, og samtidig ha tillit i den jobben du har tatt på deg å utføre. Så kunne det og vere på tide at nokon prøvde å røske partia ut av samrøret mellom kommunikasjonsrådgjevarane, kommentariatet i mediehusa og andre aktørar i maktas taktikkeri som alle saman held politikken innelåst i småtteri.  Partia må igjen bli det dei var meint å vere: den viktigaste kanalen for borgarane sitt engasjement.

Dette kan gjerast på mange måtar. Mitt vesle bidrag er å gjere om på eit val eg gjorde i 1985. Venstre hadde falt ut av Stortinget og Die Grünen hadde komme seg over sperregrensa i Vest-Tyskland.  I Oslo Unge Venstre diskuterte vi om vi skulle prøve å gjenreise Venstre eller starte eit grønt parti i Norge. I dag, 34 år seinare, har eg meld meg inn i Miljøpartiet Dei Grøne. Slik eg tenker, er eit sterkare grønt parti det som kan bidra til at agendaen i norsk politikk endrar seg og at fleire parti tar klimasaka med det alvor den krev. 

Det kjennest ikkje som eit stort sprang.  MDG har jo allereie tatt slagordet eg gjorde mine beste val på i 2007 og 2011:  Ta vare på framtida!

Om htantonsen

Hans Antonsen er administrerande direktør for Kilden Teater og Konserthus. Tidlegare ordførar i Grimstad frå 2007-15.
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

2 svar til For å ta vare på framtida

  1. Tormod Knutsen sier:

    Velkommen etter! Jeg meldte meg ut av Sp da Ola Borthen Moe ble oljeminister. Nå er jeg oppgitt over at politikere flest prater og prater, men ikke tør å bruke tilstrekkelig kraftige virkemidler av frykt for ikke å bli gjenvalgt. Den beste plakaten fra klimastreiken var : Jeg tror mer på julenissen enn politikerne. – dessverre! – Lykke til!

  2. Rune Solnørdal sier:

    Veldig trist at du forlater Venstre. Jeg stemte på deg i 2013, og skulle gjerne gjort det igjen, men kan ikke gå god for MdG. For meg blir det som SV, bare uten en gjennomtenkt kulturpolitikk. (Det er i alle fall et stort steg bort fra sosialliberalismen). Uansett, takk for flott innsats for Venstre i mange år & lykke til videre.

Legg igjen en kommentar