Kunsten og fridommen

Opningstale på årsmøtedagen i Norsk Teater- og Orkesterforening 14. juni 2019.

Vega Scene, Oslo

Kjære kulturminister, teater- og orkesterfolk, representantar for scenekunsten elles – og kjære gjestar!

Ver velkomne til denne årsmøtedagen om vilkåra for kunst som fri ytring. Vi kan like gjerne med ein gong forenkle dette temaet til å handle om kunsten og fridommen. For ikkje berre er det umogleg å tenke seg seg kunst utan at den er fri. Fridommen har også kunsten som forutsetning. Den eine kan ikkje eksistere utan den andre. Så skal dette bli ettermiddagen med store ord? Ja, la oss prøve det. Kanskje er det tid for det.

Eit perspektiv på Norge er dette: Vi har hatt det så fredeleg. I tiår etter tiår kunne vi strengt tatt ha klart oss med berre små ord . Problema vår har for det meste ikkje vore særleg større enn at det ville ha vore mest passande å beskrive dei med nøkterne ord og vendingar.

Eg skal vel presisere at vi kunne ha klart oss med det. Alle veit vi jo at vi ikkje må klikke lenge – eller reise lenger enn til næraste bomstasjon – for å bli minna på at slett ikkje alle interesserer seg for begrensningens kunst. Store ord og høg stemme er for mange nødvendig innsats i jaget for å bli likt og delt.

Likevel, grunnstemninga i det norske samfunnet har i mange tiår vore roleg.

Då reglane om ytringsfridom, og dermed kunstnarisk fridom, blei revidert i Grunnlova i åra frå Ytringsfrihetskommisjonen la fram si innstilling i 1999 til Stortinget gjorde vedtak i 2004 om ein ny paragraf 100, gjekk det heile føre seg i ro og fred. Reformene bar preg av eit positivt, intellektuelt forbetringsarbeid, ei oppussing av det norske demokratiet. Det var debatt, men ikkje strid.

Så fredeleg var det at Norge i desse åra kunne halde seg med bondevikske mindretalsregjeringar, som i den mest ekstreme varianten hadde støtte i ein fjerdedel av Stortinget. Ein statsråd får den første av dei fortalte at det på reiser utanlands kunne dere vanskeleg å få forståing for at det var mogleg å styre med så lite støtte i parlamentet. Men ein minister i eit land langt borte meinte plutseleg at han hadde forstått samanhengen. Med eit innforstått smil sa han: Så….de har kanskje ein spesielt god relasjon til hæren då?

Men det trengtes jo ikkje, så fredeleg som det har vore her.

Vi fekk ein grunnlovsparagraf om ytringsfridom som tar sikte på å verne tre prosessar som er grunnleggande, også i kunstnarisk samanheng: Sanningsssøking, demokrati og individets frie meiningsdanning. Statens plikt til å legge til rette for at det faktisk blir mogleg, for individ og for grupper, å ytre seg fritt blei slått fast i det såkalla infrastrukturkravet. Det er verd å merke seg at tre politikkområde blei trekte fram som spesielt vesentlege for denne fridommens infrastruktur: kulturpolitikken, mediepolitikken og skole- og utdanningspolitikken.

Det kan – og bør – diskuterast kor djup denne norske idyllen eigentleg er. Det siste året har vist oss at det finst måtar å sjå det norske samfunnet på som menneske med makt ikkje aksepterer. Og det fins tema som vi har funne det enklast å snakke berre overflatisk om. Det er jo det titusenvis av skolebarn har tatt til gatene for å protestere mot: at vi let tiår etter tiår gå utan å ta tak i det som blir så avgjerande for framtida dei får. Men ro og fred, det har vi hatt.

Eg teiknar opp dette perspektivet som ein bakgrunn for å takke kulturminister Trine Skei Grande. For det første takkar vi sjølvsagt for at du set av tid til å vere med oss på årsmøtedagen i år igjen. For å vere heilt ærleg: Det seier vi til alle kulturministrar. Men denne kulturministeren vil vi også takke for alt ho har gjort i mellomtida, sidan ho var her sist i fjor. Det er det ikkje alltid så sjølvsagt at vi gjer!

Kulturmeldinga, som statsråden la fram i slutten av november i fjor, nøyer seg ikkje med eit overflatisk grunngjeving for korfor kunst og kultur er viktig. Den går rett til kjernen: Kunst og kultur er frie, samfunnsbyggande ytringar som er kritisk viktige i demokratiet vårt – og for at vi fortsatt kan ha noko vi opplever som felles. Dette er det perspektivet NTO har argumentert for i årevis. Det var ein stor dag å sjå regjeringa legge dei same, grunnleggande liberale, tankane til grunn for kulturpolitikken framover. Takk, Trine!

Kulturmeldinga har større ord enn det vi har vore vante med i kulturpolitikken. Berre framtida, når også vår tid er blitt Verden av i går, vil vise om denne meldinga frå 2018 blei ståande igjen som eit nytt strøk skjønnmaling på det norske demokratiet, eller om prinsippa i den skulle kome til å bli viktige grensestolpar, slått fast akkurat i tide.

For NTO er djupt bekymra over angrep vi ser på kunstnariske uttrykk og på dei frie institusjonane. Enno ikkje så mykje i Norge som i fleire andre europeiske land, men nok til å bli uroleg også her. Desse angrepa er ikkje tilfeldige, det er vanskeleg å sjå dei som noko anna enn bølger sett i bevegelse for å skape opprørt stemning. Nesten utan unntak er urosentra populistiske parti meir eller mindre i utkanten av den politiske høgresida. I ein tysk delstat går Alternative für Deutschland til valg på å få slutt på «livsframande eksperiment» i kulturlivet, som visstnok skal ha til hensikt «å skape eit nytt, kjønnsnøytralt menneske». Museum, orkester og teater blir avkrevd ei positiv haldning til sitt Heimat. «Teateret må ganske enkelt finne tilbake til ein folkepedagogisk plattform. Teateret skal tene den nasjonale danninga». Det er nokre AfD-sitat (etter Weekendavisen 24.05.19).

Sett utanfrå, og isolert, som i eit øyeblikksbilete, kan det til samanlikning sjølvsagt sjå litt latterleg ut at norske teaterleiarar og orkesterdirektørar sit i solskinnet frå kulturmeldinga, utan heilt å klare å nyte det. Fordi dei er så engstelege for kva som måtte befinne seg i skyggane! Og særleg om det skulle vise seg at det er fylkeskommunane som truar der. Alle med eit minimum av fartstid i politikken veit jo at fylkeskommunane er harmlause skapningar, som stort sett er opptatt av å gjere godt arbeid i sin region, sjølv om dei ofte slit med å få det ordentleg til.

Her er vi ved problemets kjerne, og den har substans: Fylkeskommunane er svakare enn staten. Og vi som folk er, etter alle våre tiår i fred og fordragelegheit, uvant med, og ubudd på, å skulle forsvare fridommen ved første skanse.

Seint i 2018 og tidleg i 2019 kom angrepa der vi ikkje hadde venta det:

Den 12. desember, mindre ein ein månad etter at dette partiet i regjering har gått med på å legge fram ei kulturmelding, foreslår ein av Fremskrittspartiets absolutte veteranar (Peter N. Myhre) dette under budsjettbehandlinga i Oslo bystyre: «Bystyret ber byrådet stoppe all kommunal støtte til Black Box teater som følge av oppsetningen av et stykke med politiske angrep på navngitte personer med fremvisning av bilder av personenes private hjem, som således kan virke som en oppfordring til hærverk og brudd på lovgiving om privatlivets fred». Heile Fremskrittspartiets bystyregruppe på fire representantar stemmer for, ingen andre.

Fem dagar seinare, 17. desember, skriv ein annan som er bunden av kulturmeldinga, justisminister Tor Mikkel Wara i Aftenposten og konkluderer slik: «Black Box Teater lever av offentlig støtte. Uten denne støtten ville teateret vært økonomisk konkurs. Moralsk konkurs er teateret allerede.»Uansett kor fortvilt Wara må ha vore på dette tidspunktet: ingen med makt kan skrive slik. Då er ikkje orda berre ei ytring, men også ein trussel. Og med det eit overgrep.

Her var kulturministeren skarp og klar då ho dagen etter rydda opp: «Vi skal ha scener som utfordrer makten og maktens tanker. Det er kunstens oppgave». Takk igjen, Trine.

Men det var ikkje over med dette. Ein eller annan gong i dagane før 12. mars, av grunnar som ikkje er forklart for oss, må det ha skjedd eit intellektuelt og verdimessig samanbrot i statsadvokatembetet og politiet. Etter pålegg siktar politiet teatersjefen på Black Box og fleire av kunstnarane bak Ways of Seeing. På eige initiativ set politet fram krav om husransaking. Det siste representerer den tankemessige kortslutninga: Det heng ikkje saman å skulle bruke eit av lovverkets aller mest inngripande tvangsmiddel, å ransake private heimar, når det eventuelle lovbruddet ikkje er filmopptaket i seg sjølv, men den offentlege framvisinga av det.

På dette punktet er fleire av fridommens skanser allereie passert, uhindra. Det blir ein klok dommar ved Oslo Tingrett som forsvarar fridommen ved å avvise kravet. Tingretten stiller spørsmål om det i det heile tatt kan vere snakk om at det har skjedd noko ulovleg. Kva gjer så påtalemakta? Forsøker å komme seg rundt denne skansen ved å anke til lagmannsretten.

Det blei opprør, og seint søndag kveld same veke sende stadsadvokatembetet ut ei pressemelding som eigentleg sa: Ok, vi gir oss. Vi ryddar opp i morgon.

Det gjorde dei. Men det skremte oss at det kunne gå så langt, i Norge, i 2019.

Fridommen vår kviler for ein stor del at vi har institusjonar som er frie, og ikkje lette å ta kontroll over. Det omfattar kulturlivet, mediene, universitet og mange andre. Den erkjenninga må ligge til grunn når tilknytingsforma for kulturlivets institusjonar skal avgjerast i det komande året. NTO sitt standpunkt er klart: Staten må framleis ha hovedansvaret. Dessutan: statleg rammefinansiering har tre fordelar: Det er effektivt, det er ubyråkratisk og det er velprøvd. Kor kjem denne plutselege interessa for å reparere det som fungerer fint frå?

For eigen del vil eg legge til, utan at mine gode kolleger skal måtte hefte for det: Vi bør ta opp tanken om å fristille scenekunst- og musikkinstitusjonar frå både stat, fylke og kommune. For eksempel ved å gjere dei til spesielle kulturstiftingar, med kunstnarisk fridom og sjølvstyre sikra gjennom lov.

Til slutt, to minutt om reforma med tre bokstavar: Eit teater er ikkje statens ytre etat. Eit orkester driv ikkje offentleg tenesteyting, vi spelar musikk! Vi gjer vårt beste for å drive så effektivt som mulig, og vi forstår at det inneber kontinuerlig endring. Om vi av og til kjem til kort, trur eg det heller skuldast mangel på kapasitet og kompetanse i små administrasjoner. Det skuldast ikkje mangel på vilje. For scenekunst og musikk har den beste effektivitetsdrivaren av alle: Nemleg kunstnarisk ambisjon og pasjon! Å ha pengar nok til å spele eit stykke med god scenografi og så mange skodespelarar som det bør ha, å kunne spele eit musikkverk med ei besetning stor nok til å få fram den rike orkesterklangen: alt dette er eigne, positive drivarar for effektivitet.

Det er berre rett og rimeleg at staten stiller krav. Men det er ikkje rett at staten ikkje har andre verktøy enn desse små, kjipe kutta kvart år. Kulturdepartementet sjølv har fått fram eit godt opplegg for evalueringar av ressursbruken. Og det har i all beskjedenheit NTO også (Bjørnenak-utgreiinga frå 2017).

Det finst ein veg ut av dette. Mediene og kulturlivet inngår begge i den kritisk viktige fridommens infrastruktur, som er kulturmeldingas bærebjelke. Den direkte mediestøtta er unntatt for ABE-kutt dei tre komande åra. Det vil vere ei god oppfølging av eiga kulturmelding om departementet gjorde det same for kulturlivet.

Nok om det, men noko er det dessverre nødvendig å gjenta igjen og igjen. Det er sisyfos-arbeid.

Kanskje var det akkurat minnet om Sisyfos som fekk meg til å stoppe opp ved ei lita bok eg tilfeldig kom over av forfattaren og teatermannen Albert Camus. Ei perle av ei bok, som inneheld to store talar han heldt i Stockholm då han tok imot Nobelprisen i litteratur i 1957. Eg snakka i starten av denne talen om vår fredelege tidsperiode. Albert Camus snakkar om kunsten og kunstnarens oppgåve i ei tid som er motsett og mørk. Eller, eigentleg, men det kunne han ikkje vite, og han fekk heller ikkje oppleve mykje av den: han sto ved inngangen til lysare tider. Han var vel med og skape den. For Camus er kunst kamp. Eg skal ikkje spørre om kva den er for oss.

»Visstnok er det slik at hver nye generasjon mener å ha fått i oppgave å endre verden. Min generasjon, derimot, vet at den ikke kan. Men kanskje er vår oppgave større, nemlig å hindre at verden går i oppløsning. Vi mottok i arv en historie av mislykkede revolusjoner, et samfunn der teknikken har løpt løpsk, der døde guder og utslitte ideologier regjerer og der middelmådige makthavere er i stand til å knuse alt, men ikke til å overbevise, der intelligensen nøyer seg med å være hatets og undertrykkelsens tjener, en generasjon altså, som både i seg selv og i verden rundt, og utelukkende ved egne krefter, skal bygge opp igjen verdigheten i det å leve og å dø.»

«Uavhengig av våre personlige svakheter, så er verdigheten i vårt yrke forbundet med to krevende forutsetninger: aldri fornekte det man vet, alltid motsette seg undertrykkelse.» (Albert Camus: Taler i Sverige, Bokvennen 2013)

Takk.

(Begge foto: Skjalg Vold for NTO)

Om htantonsen

Hans Antonsen er administrerande direktør for Kilden Teater og Konserthus. Tidlegare ordførar i Grimstad frå 2007-15.
Dette innlegget ble publisert i Taler og merket med , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s