Om dei hadde spurt meg

gat_faksimilieEg er ein av mange som er glad i Grimstad. Rett som det er kjenner eg meg stolt over både byen og kommunen min. Vi som deler desse positive kjenslene, gjer det heilt sikkert av forskjellige grunnar, og kanskje er det ikkje så mange som deler min fascinasjon for akkurat den sida av Grimstad som det er viktig for meg å få fram her: Betre kombinasjon av Kardemomme by og Twin Peaks skal du leite lenge etter.

For meg er dette eit perspektiv, ei tolkingsramme, som gjer det mulig å forstå korleis det som er omtalt som ”innkjøpsskandalen” i Grimstad kommune kunne skje. Eg les i avisene at revisjonsfirmaet BDO har granska saka for nærare ein halv million kroner. Men meg har dei ikkje spurt. Det syns eg er rart.  Eg har hatt det øverste formelle ansvaret, og eg kunne fortalt dei at eg også reelt har vore med og ta avgjerder som har gitt Farm in Action store oppdrag.

Men altså, Kardemomme by: For det meste framstår Grimstad som ein nesten postkortaktig idyll, eit samfunn så problemfritt at konfliktane i kommunestyret handlar om byggehøgder, parkeringsplassar og nedgravne søppelanlegg. Om ei matt kjensle av ikkje å strekke til likevel dukkar opp også her, er frustrasjonen gjerne knytt til slike forhold som at ein ikkje får bygd endå fleire idrettshallar fort nok.

Det er trygt her, fordi vi passar på kvarandre. Som eg opplevde då politiet banka på soveromsdøra vår ei natt i november, og gjorde oss merksam på at dei akkurat hadde arrestert ein innbrotstjuv i spisestua vår.  I halvmørket utanfor huset var det vanskeleg å sjå om det var Kasper, Jesper eller Jonatan dei hadde tatt, men i alle fall ein nokså harmlaus tjuv. Takk skal du ha for dine årvakne folk, politimester Bastian.

Ved sidan av dette glansbildet, delvis gøymt bak idyllen, finst det eit anna Grimstad. Det er eit langt meir mangfaldig samfunn, som heldigvis har like mange lyse og gode sider som det har mørke og vonde.  Grimstad Adressetidende er flinke til å gi oss fine glimt av det positive, men det tunge er det nesten ingen som snakkar om: Barn som blir svikta i sine første år. Fortvilt lengtande ungdom som rømmer med rus. Vaksne som tar livet av seg. Vaksne som tar livet av andre, slik vi hadde to fortvilte tilfelle av hausten 2012. Medborgarar av oss som har så store behov for hjelp at fleire må passe på dei døgnet rundt. Pårørande og fosterforeldre som forsakar det livet dei sjølv kunne hatt, for å hjelpe andre.

Frå Grimstad rådhus blir det kvar einaste dag, år etter år, leia ein kamp i det stille for å hjelpe desse menneska. Teieplikt og personvern er grunnen til at du sjeldan eller aldri høyrer om dette. Men kostnadene i dette arbeidet er ein vesentleg grunn til at du noen gonger kvart år kan lese om  at helse- og omsorgsbudsjetta i Grimstad sprekk igjen. For dette er både dyrt og vanskeleg å planlegge.

Eg veit ein del om dette fordi eg har fått vere ordførar i åtte av dei 16 åra eg har budd i Grimstad. Eg sit igjen med mange sterke inntrykk. Som å møte to slitne foreldre som innstendig bad om at ungdommen deira måtte få betre hjelp frå kommunen, for å så å prøve å hjelpe dei, men for veikt og for seint. Nokre veker seinare tok eg imot ein knust far som hadde funne sonen sin død.

Alle folkevalde som lyttar i møta og les dei dokumenta dei får, er i generelle ordelag orientert om dei store hjelpebehova enkelte av våre medborgarar har. Saman med KS offentleggjorde vi i 2010 eit anonymisert eksempel frå Grimstad på kor vanskeleg (og kostbart!) det er å få gitt god hjelp. KS brukte dette eksempelet overfor Regjeringa for å få slutt på at dei mest hjelpetrengande blant oss blir sendt fram og tilbake mellom stat og kommune (kan lesast her for den som vil bli litt klokare).

Eg skriv dette fordi eg er trøytt, lei og opprørt over å sjå korleis dyktige leiarar i kommunen i snart eitt år har blitt herja med av folkevalde som har forvilla seg inn i rolla som revisorar og ei presse som pumpar ut det eine spekulative oppslaget etter det andre. Som når ei oppsummering frå eit møte innkjøpsansvarleg i kommunen hadde med sin overordna, rådmannen, blir framstilt som ei varsling i Agderposten. Hallo? Det er jo jobben hans!

Det er utan tvil at kommunen har brote lov om offentlege anskaffelser, men den nye kommunestyregruppa i mitt eige parti Venstre står for eit lavmål i debatten når dei tar i bruk ordet ”kriminelt” (som vi må forstå som brot på straffelova) saman med den giftige, men så bekvemt ansvarsfrie skuldinga: ”vi kan ikkje utelukke at…”. For kva kan vi eigentleg utelukke?

Så har advokat Grimstad og BDO vore i byen. Som agent Cooper har dei fått oppleve at ein ikkje berre blir møtt med velvilje når ein begynner å stille spørsmål. Eg syns det er flaut at ein kommune ikkje klarer å finne sentrale dokument og pinleg med ein stor leverandør som gjer seg utilgjengeleg. Det er også feigt. Konklusjonane til BDO har eg ingen innvendingar mot, bortsett frå måten dei behandlar Bente Somdal på. Igjen denne giftige formuleringa: ”kan ikkje utelukke at”. Har ikkje også Bente krav på den rettstryggleiken som ligg i krav om sannsynlighetsovervekt eller påvising utover rimeleg tvil?

Lov om offentlige anskaffelser er ei viktig prosedyrelov, altså om framgangsmåten for å gjere innkjøp i mellom anna kommunar. Denne saka kom galt ut frå starten, fordi kontrollutvalet i sitt mandat ser bort frå det dilemmaet at ei anna lov er like viktig, nemlig plikta kommunen har til å gi nødvendige helse- og omsorgstenester. Den gjeld uavkorta og handlar om menneske. I enkelte tilfelle har plikta til å gi hjelp forrang.

Frå min første dag som ordførar i 2007 og i sju år framover arbeidde eg ofte saman med kommunalsjef Ivar Lyngstad, ein leiar som eg lærte å sette pris på som ein usedvanleg etisk reflektert mann. Vi sleit med svært vanskelege saker, og har sikkert også valt feil fleire gonger.  Men då vi kalla saman til møte 14. juni 2012 for å få på plass eit hjelpetilbod på seks dagar (som blei Farm In Action sitt første store oppdrag for Grimstad kommune) seier vel deltakarlista alt som trengs for å få fram alvoret.  I tillegg til fleire frå kommunen: tre frå politiet, to frå sjukehuset.

Våren 2015 var Grimstad kommune i den uverkelege situasjonen at det kommunale hjelpeapparatet i ei sak hadde brote heilt saman.  Vi greidde ikkje å gi den tenesta vi skulle, etter å ha prøvd med store ressursar i lang tid. Eg hadde prøvd å få i gang ein dialog med pårørande, utan å lukkast.  Då spurte kommunalsjef Berit Grønning Nielsen meg om eg meinte det var akseptabelt å gå rett på Farm In Action, som var dei einaste vi visste om som kunne ha kapasitet til å overta tenesta øyeblikkeleg. Det sa eg ja til. Slik fekk selskapet eit nytt stort oppdrag frå Grimstad.

Det vi gjorde kan sjølvsagt diskuterast og kritiserast. Men i dei situasjonane vi var i, meiner eg framleis vi gjorde rette val. Så ser også eg at det er mykje som bør ryddast i og at det er komme mange forslag til korleis ting kan gjerast betre. Eg vil berre bidra med to:

  • Lær av det som har skjedd, for slike vanskelege dilemma kjem igjen.
  • Gi kvarandre ein stor klem og gå vidare.

 

(Artikkelen sto på trykk i Grimstad Adressetidende 21. januar 2017).

Om htantonsen

Hans Antonsen er administrerande direktør for Kilden Teater og Konserthus. Tidlegare ordførar i Grimstad frå 2007-15.
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar